Treng du hjelp med design?
Tekon Design har over 20 år erfaring frå tekstilbransjen og kan hjelpe med både store og små oppgåver. Vi har lang erfaring med det meste innan design, og jobbar dagleg med produktutvikling, printdesign og brodering.
Designtenester og produktutvikling
Konsulenttenester på produktutvikling inneber alt frå design, mønsterdigitering, konstruksjon, gradering til produktkoordinering til produksjon inkl. kontrollpunkt for produksjon. Vi er spesielt opptekne av tett dialog med oppdragsgjevar og er fleksible på arbeidsform og arbeidsstad. Det er spennande å vere med på utviklinga av nye produkt. Vi brukar programma Adobe Illustrator, Gerber - Accumark og Yunique.
Vi tilbyr følgjande tenester innan produktutvikling:
Nye produktdesign frå ide til detaljerte skisser, fargesetting og saum.
Eller berre designforandring av allereie eksisterande produkt. Vi bruker
Adobe Illustrator og Corel Designer.Datastyrt mønsterbehandling basert på 20 år med konfeksjonserfaring og elektronisk mønsterkonstruksjon som underbygger vår hovudstyrke og kompetanse. Gradering og målskjema kan også lagast om nødvendig. Her nyttar vi verktøy som Gerber, WebPdm og Excel.
Spesifikasjonar. Vi kan uføre og preparere alle nødvendige spesifikasjonar
og graderingar for vidare produksjon i andre land. Samtale på norsk og spesifikasjonsnøyaktighet hjelper til å unngå mange problem i den vidare produksjonsprosessen.