Friluftsbua har ledige stillingar!
Er du glad i friluftsliv, jakt, fiske og salg? :D
Friluftsbua har det travelt, og treng fleire entusiastiske og utåtvente butikkmedarbeidarar til to 50-100% stilling. Du må vere fleksibel og ha anledning til å jobbe på dagtid og helg. Vi ønsker at våre medarbeidarar er interessert i friluftsliv; om det er jakt, fiske eller turar i skog og mark, dei bør og vere aktive brukarar av produkta vi sel i butikken. Erfaring frå butikk er ein fordel, men dine personlege eigenskapar tel mest.
Det er viktig for Friluftsbua at våre medarbeidarar er gode seljarar som elskar kundebehandling, og alltid set kundane først!
Arbeidet vil i hovudsak bestå av sal i butikk, utpakking og vareeksponering. Stillinga vil gå inn i vår arbeidsturnus, med helg og kvardagsjobb.
Ønska kvalifikasjonar:
Du er glad i friluftsliv.
Du er ein god seljar og elskar kundebehandling.
Du er eit ordensmenneske.
Du har gode samarbeidsevner.
Du er kreativ og likar å dele dine tankar og idear.
Vi kan tilby:
Varierte arbeidsoppgåver og muligheten til å selje gode jakt og friluftsvarer til fornuftige prisar.
Eit godt og kreativt arbeidsmiljø i ei ganske ung bedrift.
Gode personal rabatter.
Send oss ein søknad og cv til post@tekon.as eller kom innom for ein kaffi og ein prat.
Søknadar vert vurdert fortløpande.
Søknadsfrist 15.Januar 2023